Avhengig av Gud
torsdag 19. november 2009 17:02
Du kan vere avhengig av ganske mykje rart. Alt i frå rusmidler til mat, i frå trening til kaffe. I løpet av dei siste to vekene har det blitt ei lita openbaring at me er heilt avhengig av Gud. Om noko skal skje, om verda skal gå rundt.

I løpet av dei siste to vekene har eg, saman med åtte andre unge menneske vore på teamtur. De har tidlegare fått vite at me har hatt kafé, vore på skogstur og hatt test av kva rekesalat som er best. I løpet av desse dagane har me og fått testa oss på andre område - Gud har utfordra oss og pusha oss ut av den fine bobla me plar å kalle komfortsona vår. Der det er varmt, godt og trygt, og det ikkje finns noko skummelt, der me klarar oss heilt sjølv.
Eg må innrømme at det til tider er svært godt og varmt i bobla mi, der alt går bra og eg klarar meg åleine. Sidan eg bur i Noreg har eg klede, eit hus å bu i, eg får stipend kvar månad som gjer at eg får mat i magen. Det går an å leve eit heilt overkommeleg liv, utan å tenkje så mykje over det. Samstundes veit eg at Gud har så mykje meir for meg, for kvar ein av oss, noko som gjer at eg har lyst å komme meg ut ganske kjapt, og oppdage meir. Lettare sagt enn gjort.
Ein kan fort bli ganske redd og bekymra om ein vel å ta steget ut av bobla. Det kan verke kaldt og skummelt, og ein veit ikkje kva som kan hende. Kor bra er det ikkje dåt, at me som har ein Gud som har lova å aldri forlate oss!
Herren sjølv skal gå føre deg. Han skal vera med deg. Han skal ikkje sleppa deg og ikkje gå frå deg. Ver ikkje redd, og miss ikkje motet. ( 5 Mos 31,8 )
Eg trur absolutt det er like sant, at Gud går foran oss, at Han er med oss i kvardagen og at han aldri sviktar.
I løpet av desse siste to vekene erfarte me at me er avhengige av Gud. Me er avhengige av at Han grip inn i situasjonar me ikkje kan løyse, at Han kjem med sin kraft i rette tid. Dei dagane me gløymde at Gud var med oss, dei dagane me ikkje la vinn på å søkje Hans nærvær, var dei dagane me lettare vart irriterte på kvarandre, ikkje klarte å halde fokus og dei dagane me heller hadde lyst til å sove, i staden for å be.
Dei dagane me søkte Hans nærvær, dei dagane me sanna at me var avhengige at Han kom å la ord på våre lepper, då me innsåg at me kunne ikkje overbevise eller forklare Gud med våre ord, men at Han måtte snakke gjennom oss, då greip Gud inn. Då me tok det første steget, gjorde Gud resten.
Gud viste meg kor utruleg viktig det er å ha eit rett fokus, å feste blikket på Han. Ta seg tid til å vente på Herren, halde seg nær til Han. Då kjem Han med sitt nærvær og sin kraft, han endrar blikket vårt på situasjonar og omstendigheter, me får tru for det umoglege!
Det er ålreit å vere avhengig av Gud. Han har alltid meir til oss! Jo betre eg vert kjend med Gud, jo betre forstår eg kor viktig det er å inkludere Han i dagliglivet mitt, absolutt alt. Han er i grunn den heile livet dreier seg om, og Han skuffar eller svikter aldri!

Fantastiske dager på Filippinene
Søk på velvet.no
Kalender Velvet
-
10.09.2010 - 10.09.2010 | 19.30
Velvet fredag -
17.09.2010 - 17.09.2010 | 19.30
Velvet fredag -
24.09.2010 - 24.09.2010 | 19.30
Velvet fredag
